Furene AS søkjer ny administrerande direktør.

Furene AS vart etablert i 1971 og er ei av dei 115 arbeids- og inkluderingsverksemdene i landet. Hovudkontoret finn ein i Furene Industriområde i Volda, med avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik. Selskapet sitt føremål er å legge til rette for vidare personleg utvikling hjå arbeidssøkarane, etter vedteken politisk arbeidslinje.

Den rette kandidaten må vere ein tydeleg, utviklingsorientert leiar. Vedkomande må ha solid røynsle frå leiing, og vere sterk på relasjonar og nettverk.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og utvikle ein kompleks organisasjon 
  • Overordna ansvar for organisasjonsutvikling
  • Sikre god økonomisk styring og kontroll av verksemda
  • Leggje til rette for innovasjon og utvikling av dei kommersielle sidene av drifta
  • Vidareutvikle samhandlinga med kommunale partnarar og næringsliv 
  • Leggje til rette for godt samarbeid med andre aktørar
  • Sikre eit godt samarbeid med alle tilsette i alle avdelingar og tillitsvalde

Kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning
  • Solid leiarerfaring
  • Forståing for samfunnsoppdraget og rammeføresetnadane
  • Dokumenterte resultat frå strategi-  endrings-/utviklingsprosessar
  • Kulturforståing og erfaring med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å utvikle organisasjonen gjennom kontinuerlig forbetring
  • God økonomisk forståing

Personlege eigenskapar:

  • Leiestjerne, empatisk motivator med stort hjarte
  • Truverdig når det kjem til omdømebygging
  • Lyttande, evne til å manøvrere og utfordre der det er nødvendig
  • Kan ta eigarskap til strategi og omsette den til handling
  • Like å manøvrere i politiske omgjevnadar og forståing av samfunnsoppdraget
  • Kan identifisere seg med Furene sin visjon og verdiar
  • «Heil ved»

Vi kan tilby:

  • Eit viktig samfunnsoppdrag der ditt bidrag vil bety noko for samfunnet og mange menneske
  • Ei sentral leiarstilling i eit profesjonelt, uformelt og engasjert miljø
  • Gunstig pensjonsordning og gode forsikringsordningar

Arbeidsgiver Furene AS
Stillingstittel Administrerende direktør
Arbeidssted Volda
Søknadsfrist Snarest, prosessbehandling pågår

Har du spørsmål?

Kariann Sandvik
Kariann Sandvik CEO Yapril AS
Irene V. Mjelde
Irene V. Mjelde Managing Partner Yapril AS
Irene V. Mjelde
Irene V. Mjelde Managing Partner Yapril AS
Inge-Jonny Hide
Inge-Jonny Hide Styreleder Furene AS

Furene AS

 Furene AS vart etablert i 1971 og er ein av dei 115 arbeids- og inkluderingsbedriftene i landet. Hovudkontoret finn ein i Furene Industriområde i Volda, med avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik. Selskapet sitt føremål er å legge til rette for vidare personleg utvikling hjå arbeidssøkarane, etter vedteken politisk arbeidslinje.

Hovud-produksjonen på tenestesida er tiltaka: Avklaring, Arbeidsretta Rehabilitering, Oppfølging, Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA),  og Arbeidsførebuande trening (AFT) – i tillegg AMO kurs som Jobbklubb .

Selskapet har 70 ordinært tilsette og 64 tilsette i Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA)