Vår verdikjede inneheld alle aktivitetar frå sal til ettermarknadstenester - inkludert produktutvikling og design, engineering, og produksjon av komplette fartøy. Vår suksess kan linkast til høg grad av omstillingsevne, for å levere i tråd med kundens ønske og forventning. 

Vi søkjer avdelingsleiar, som saman med eit team av dyktige fagfolk skal planlegge, leie og koordinere gjennomføring og leveranse av nybyggsprosjekt. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Utvikle og leie røravdelinga i samsvar med overordna selskapsstrategi 
  • Planlegge og følgje opp arbeidet på avdelinga (bemanning, innkjøp) 
  • Sikre at arbeid blir utført i samsvar med etablerte selskapskrav (HMS/produksjonsprosedyrar) 
  • Sikre prosjektleveransane (kvalitet/tidsforbruk) 
  • Resultat- og budsjettansvar for avdelinga 
  • Personalansvar for medarbeidarar tilknytt avdelinga, oppfølging av innleigepersonell 
  • Forbetring og effektivisering, utarbeiding og oppdatering av rutinar 

 

Kvalifikasjonar  

  • Fortrinnsvis teknisk utdanning, t.d. fagbrev/svennebrev i industrirøyrleggarfaget
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå maritim bransje er ein fordel


Vi søkjer fortrinnsvis deg med solid erfaring frå liknande stilling. Stillinga krev høg grad av sjølvstende og du må evne å arbeide strukturert, systematisk og målretta. Samstundes krev stillinga gode samarbeidsevner i møte med dyktige fagfolk frå ulike disiplinar og miljø. Du har pågangsmot og likar ei utfordring, og du er ein motor som blir driven av eit ynskje om å skape gode resultat og sikre godt arbeidsmiljø.

Arbeidsgiver Brødrene Aa AS
Stillingstittel Avdelingsleiar Rør
Søknadsfrist Snarest
Arbeidsstad Hyen

Har du spørsmål?

Andrea Lothe
Andrea Lothe Management Consultant Yapril AS
Andrea Lothe
Andrea Lothe Management Consultant Yapril AS
Marius Halvorsen
Marius Halvorsen Management Consultant Yapril AS
Marius Halvorsen
Marius Halvorsen Management Consultant Yapril AS
Marius Halvorsen
Marius Halvorsen Management Consultant Yapril AS
Synne Marie Oppheim
Synne Marie Oppheim HR/HSEQ Manager Brødrene Aa AS
Synne Marie Oppheim
Synne Marie Oppheim HR/HSEQ Manager Brødrene Aa AS
Synne Marie Oppheim
Synne Marie Oppheim HR/HSEQ Manager Brødrene Aa AS

Brødrene Aa AS

Brødrene Aa AS er lokalisert i Hyen i Sogn og Fjordane og har i dag ca. 200 tilsette. Verftet er leiande nasjonalt og internasjonalt på bygging av hurtiggåande fartøy i karbonfiber. Innovasjon og nytenking står sentralt i bedrifta og ein har dei siste åra utført store utviklingsprosjekt i forbindelse med nye båtkonsept, utstyrsutvikling på båtane og utvikling av komposittmateriale. Lågare vekt, lågare forbruk og lågare utslepp, i tillegg til prisvinnande design, kjenneteiknar våre fartøy. Vår målsetting er å være ein føretrekt leverandør av passasjerbåtar i karbon, i ein internasjonal marknad. Vårt omdømme er essensielt for å tiltrekke oss attraktive kundar, samarbeidspartnerar og andre viktige interessentar. Vår integritet oppnår vi gjennom våre tilsette sin kunnskap og kompetanse om materialar, teknologi, bærekraftige løysingar og design.