Ønsker du å sette Vestnes kommune på kartet?

Vestnes kommune ligg sentralt i Møre og Romsdal fylke med kort veg til Molde, Åndalsnes og Ålesund. Vi har eit rikt og variert organisasjons- og kulturliv og mykje å by på for den som er interessert i friluftsliv og natur. Vi ser no etter ein kommunalsjef som i godt samarbeid med politikarar, leiarar og tillitsvalde skal jobbe for videreutvikling av kommunen sine gode effektive og berekraftige tenester.

Din arbeidskvardag:

Hjå oss vil du verte del av eit fellesskap med dyktige medarbeidarar der du finn godt samspel mellom politikk, administrasjon og fag. Her vil du ha eit sete i ei handlekraftig toppleiargruppe som skal skape nye innovative løysingar på tvers. I denne rolla vil du vere ein aktiv deltakar med felles ansvar for vidare utvikling av Vestnes kommune. Det vil være søkelys på både intern og ekstern samskaping, med tette band til næringslivet rundt oss. Nokre av dine viktigaste arbeidsoppgåver:

  • Aktiv deltaking i kommunedirektøren si toppleiargruppe
  • Gjennomføring av politiske vedtak
  • Plan- og utviklingsarbeid
  • Relasjonsbygging
  • Næringsutvikling 

Kven er du?

Vi ser for oss at du er ein fremoverlent, tillitsvekkande og strategisk kommunalsjef som har gode relasjonsbyggande eigenskapar. Du trivst med å ta ansvar og har stor gjennomføringsevne. Du vert motivert av utfordrande oppgåver og ønsker å bidra til utvikling av ein kommune med store vekstambisjonar. For å lykkast i rolla ser vi at det er ein fordel med leiarerfaring frå tilsvarende roller og helst erfaring fra offentleg sektor. Du må ha med deg ein bachelor og gjerne relevant videreutdanning i tillegg.

Ta kontakt med Kariann Sandvik eller Veronica Hedman for en uforpliktende samtale.

 

 

Har du spørsmål?

Kariann Sandvik
Kariann Sandvik Managing Partner, Yapril AS
Kariann Sandvik
Kariann Sandvik Managing Partner, Yapril AS
Veronica Hedman
Veronica Hedman Analysis & Research Consultant
Veronica Hedman
Veronica Hedman Analysis & Research Consultant
Arbeidsgiver Vestnes kommune
Stillingstittel Kommunalsjef samfunnsutvikling og samskaping
Søknadsfrist 14.08.2022
Arbeidssted Vestnes kommune

Vestnes kommune

Vestnes kommune ligg sentralt i Møre og Romsdal fylke med kort veg til Molde, Åndalsnes og Ålesund. Vi har eit rikt og variert organisasjons- og kulturliv og mykje å by på for den som er interessert i friluftsliv og natur.Vestnes kommune er ein arbeidsgjevar som er midt i blinken for tilsette som vil arbeide i ein fremtidsretta og utviklingsorientert organisasjon. Saman skal vi utvikle betre tenester som er enkle å bruke. Kommunen har fokus på å nytte digitale verktøy og deltek i det interkommunale samarbeidet ROR-IKT.