Har du lyst å arbeidet med det største samferdselsprosjektet som nokon gong er gjennomført i Ålesund? No søker Ålesund kommune etter ein dyktig ingeniør/sivilingeniør som får hovudansvaret for å arbeide med Bypakke Ålesund på vegne av Ålesund kommune. Du vil som leiar for Ålesund kommune sitt arbeid inn mot prosjekt Bypakke Ålesund få den overordna styringa av dei ulike delprosjekta inn mot prosjekteigarane Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Bypakke Ålesund har ei førebels ramme på 3.6 milliardar kroner, og omfattar bygging av ny firefelt veg i tunell frå Moa gjennom Lerstad til innfartsvegen. Du vil få ei sentral rolle i gjennomføringa av campusplanen og vere med på kollektivsatsinga i kommunen. Bypakke Ålesund har òg ansvaret for bygging av sykkelvegar og omfattande utbetringar av trafikkfarlege kryss i Ålesund.

Stillinga vil vere knytt til verksemda veg, grønt og anlegg. Stillinga fordrar eit tett samarbeid med prosjektorganisasjonen til prosjekteigarane.

Hovudoppgåver

  • Det daglege ansvaret for å leie og styre plan- og utgreiingsprosessar for delprosjekt i Bypakken
  • Prosjektmedverknad i større delprosjekt knytt til Bypakken Ålesund der Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjekteigar
  • Utarbeide komplette byggeplanar med teikningar, beskrivelse og konkurransegrunnlag for kontrahering av oppdrag
  • Ansvarleg for dialog og samhandling med aktuelle faggrupper knytt til prosjektet, både internt og eksternt
  • Økonomioppfølging av prosjekter

Kvalifikasjonskrav

  • Ingeniørutdanning innan veg, anlegg, e.l. fortrinnsvis på masternivå
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • Erfaring frå større veg og anleggsprosjekt
  • Prosjektleiarerfaring
  • Erfaring frå by-, samferdsel- eller transportutvikling er ønskeleg
  • Erfaring frå budsjett, økonomistyring og andre økonomirelaterte oppgåver i prosjekt
  • God kompetanse i bruk av digitale arbeidsverktøy knytt til planlegging, design og prosjektstyring
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg

Vi søkjer deg som er fagleg engasjert, nysgjerrig og motivert. Du har svært gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar. Vidare ønsker vi at du har gode pådrivar- og gjennomføringseigenskapar og har evne til å skape engasjement, positivitet og eit godt arbeidsmiljø. Det er også viktig at du er strukturert, løysingsorientert og sjølvstendig. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i utveljinga.

Ålesund kommune kan tilby ei stilling med god konkurransedyktige løn, gode utviklingsmoglegheiter og varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit av dei største og mest attraktive byggeprosjekta på Nordvestlandet.

Ønsker du meir informasjon om stillinga er du velkomen til å kontakte vår rådgjevar i Yapril AS, Marius Halvorsen +47 922 95 786. Alle søknadar og henvendingar handterast konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgjevar i den innleiande prosessen.

I medhald av offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Dersom ønsket ikkje vert imøtekome, vil søkjaren bli varsla om dette.

Selskap Ålesund kommune
Tittel Leiar Bypakke Ålesund
Søknadsfrist Snarast, prosessbehandling pågår
Arbeidssted Ålesund

Har du spørsmål?

Marius Halvorsen
Marius Halvorsen Management Consultant Yapril AS
Marius Halvorsen
Marius Halvorsen Management Consultant Yapril AS
Marius Halvorsen
Marius Halvorsen Management Consultant Yapril AS

Ålesund kommune

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.